Naturfotograf Gunnar Wangen | About
Om Naturfotograf Gunnar Wangen:
Mitt første speilreflekskamera vart kjøpt i 1979. Etter dette utvikla interessa for naturfotografering seg raskt og firma vart etablert i 1988. Det viktigaste geografiske dekningsområdet er Søre Sunnmøre, men arkivet inneheld også bilde frå mange andre område i Norge og frå utlandet. Fram til 2002 vart det fotografert analogt med dias i småbilde- og mellomformat. Frå 2003 har fotografering med Canon EOS-1Ds og seinare utgåver av dette kameraet og andre digitale Canon speilreflekskamera vore det dominerande formatet.

Aktivt friluftsliv og interesse for natur gir inspirasjon og er med på å prege motivutvalet. Viktige motivområde er landskap, aktivitetsbilde, fuglar, blomster og nærbilde, m.m. Eg sel bilde til ulike føremål som reiseliv, reklame, kalendarar, bøker, utsmykking til bedrifter og private m.v. Eg leverer artiklar og bilde til tidsskrift og held bildevisningar og foredrag. Eg gir også ut postkort i hovudsak frå den lokale regionen.

I 1995 var eg fotograf til boka "Sunnmørsalpane - Tindelandet" med tekst av Leiv Arne Grimstad. (VISTA forlag, ISBN 82-992177-6-8)

I 1999 vart boka "Fotturar på Sunnmøre" gitt ut. Det første opplaget på 6000 bøker vart selt ut på seks veker! I 2000 kom ei oppdatert utgåve og i 2003 kom den tredje utgåva, også denne oppdatert og no med mjukt omslag. I 2010 kom ny gjennomrevidert utgåve og med ei forbetra innbinding. Boka er trykt i totalt 33000 eksemplar. Fotturboka er eit samarbeidsprosjekt mellom Helge Standal, Jon Hagen og Gunnar Wangen og utgitt på IRISS forlag (ISBN 978-82-992081-6-1).

I 2001 vart DUO forlag etablert og "Runde - et funn for naturinteresserte" vart gitt ut i samarbeid med Naturfotograf Johannes Jensås og Knut Asle Goksøyr. Ny utvida utgåve vart utgitt i 2007 (DUO forlag ISBN 978-82-995911-1-9).

Sjå Søre Sunnmøre, ei "praktbok" om min eigen landsdel, vart gitt ut i 2012 i samarbeid med Helge Standal på IRISS forlag (ISBN 978-82-99081-8-5).