Sjå Søre Sunnmøre

Fakta og fabuleringar om fjell, fjord og fjøre.

Ved naturfotograf Gunnar Wangen og Helge J. Standal

SSS endeleg framside_600SSS endeleg framside_600

I panoramaformat viser denne boka landsdelen i alle slags vinklar og variantar frå mikroskopiske paddeegg til vitale tettstadar og snøkledde Sunnmørsalpar. Naturfotograf Gunnar Wangen trollbind publikum med detaljar, lyssetting og linjeføring i eit veldig fargespekter.

Boka er inndelt i hovudkapitla Skummande strender, Fjetrande fjordar og Fantastiske fjell. Siste del viser vår frodige fauna, spor etter naturkrefter og menneske, og til slutt årstidene på Søre Sunnmøre. Teksten spenner frå lette skildringar til detaljert fakta.

Boka viser dei beste blinkskota frå Gunnar Wangen sine kamera det siste tiåret. Helge Standal og Kjell Ivar Øye supplerer med 10 foto kvar. 

Ei storslått «kaffibordsbok» på heile 240 sider med mange 60 cm breie panoramabilde. Vakrare har du aldri sett vår vakraste landsdel.
                        
Førpris 450,- kr.
No på tilbod: 298,-

Innbunden: 29x22 cm                       
ISBN 9788299208185


For bestilling eller spørsmål om pris og leveringsvilkår for forhandlar eller bedrifter, send e-post til [email protected]